fredag 10. april 2015

Øyredøyvande stillhet

Det nærmar seg heildagsprøvar og eksamen. Eg har meint mykje om det tidlegare, her. No vil eg ikkje meina så mykje. Men eg hugsar heildagsprøvar, særleg i norsk og engelsk der ein skulle produsera lange tekstar, som noko av det aller verste frå mi eiga skuletid. Kvar gong tentamen og eksamen kjem, blir eg flytta tilbake i tid. Og kvar gong eg har hatt eksamen i vaksen alder (og det er ikkje reint sjeldan) undrar eg kvifor eg gjer dette av eigen fri vilje. Så her er ei augneblinksoppleving eg reknar med ein del kan kjenna seg att i. Men kanskje ikke så mange av dei som arbeidar i skulen, og som er skulevinnande akademikarar?


Sit på stolen og høyrer klokka tikka, høgare og høgare.

Høyrer pusten til naboen. Sit han ikkje veldig nære?

Må dei bråka sånn når dei skriv? Så mykje dei skriv! Korleis klarar dei det? Kva skriv dei? Oppgåva gjer jo inga meining!

Så stille det er her.

Gu som den klokka bråkar. Må han pusta så tungt? Kva er den lyden - det høyres nesten ut som mus. Det kan jo ikkje vera mus? Kan det? På skulen? Sikkert ikkje.

Kven er det som trampar sånn med foten?

Må ha luft. Kjem luftevakta snart, tru?

Det er så stille.

Kva var oppgåva igjen? Kanskje eg skal ta den andre? Kva var den tredje?

HERREGUD som den klokka bråkar! Kva skal eg gjera? Eg må skriva noko. Eg skriv noko. Kva skal eg skriva? Skal eg ta den andre oppgåva likevel?

Kvifor sa ho det i går, tru? kva meinte ho? Gjorde eg noko feil? Skjerp deg, no. Dette har ikkje noko med norsk å gjera. Berre du blir ferdig med dette kan du gå heim. Drikka te. Slappa av.

DER! Luftevakta! Etter at eg har fått luft, går det nok bra.

tikk - takk - tikk -takk

Gud, som dei skriv. Og der er han ferdig. 

Kva for ei oppgåve SKAL eg velja? Eg tek den.

MÅ han pusta så tungt?

Minimum tre sider, sa læraren. No har eg nesten to. Det rekk. Punktum.

Eg går heim.